Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Ønskjer du kontakt med helsesjukepleiarane?

Både born, unge og foreldre kan ta kontakt med helsesjukepleiarane på telefon eller e-post, for eksempel med spørsmål om koronaviruset.    


Helsing frå helsesjukepleiarane ved Samnanger helsetun: 

Kjære born og foreldre, ungdom og småborn i Samnanger.

Me veit at det er utfordrande tider for dykk alle no i høve Korona. Nokre av dykk bur i ein heim der det er vanskeleg å bu. Nokre kjenner kanskje på redsel for å bli smitta med Korona viruset eller er redde for at familien skal verta smitta. Nokre slit med amming eller nattesøvn. Eller det kan vera andre ting de uroar dykk over. Anten de er born, unge eller foreldre må de gjerne ta kontakt med oss om de ynskjer råd eller nokon å snakke med.

Sjølv om helsestasjonen no delvis er stengd ned, vil me gjerne vere her for dykk. Ta kontakt med oss på telefon eller mail, så ringjer me dykk opp att når me har anledning. Me er på jobb måndag til fredag. 
Telefon: 56589105 / 48997002 / 48893212.

De kan og ringja Alarmtelefon for barn og ungdom, telefon 116 111. 

Beste helsing Helsesjukepleiarane
 

 

Sist endra 24.03.2020 09.39
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 91 05
Mobil :
48 89 32 12
E-post :
katb@samnanger-helsetun.no
Tittel :
Einingsleiar og leiande helsesjukepleiar
Bunnhjørne
Diverse informasjon (1)
Eksterne lenker (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering