Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Påmelding til Samningaveko 2020

50673327_671889906541805_4757730346898817024_o.jpg - Klikk for stort bilete  Frist 25.02.20

Ønskjer du å arrangera noko i Samningaveko 2020?

Gode arrangement treng planlegging. Start idémyldringa allereie no.

 

Frå første til andre helga i juni 2020 er det Samningaveko igjen. Veka opnar med Tyssedagen og dagsfestivalen Samningakraft 6. juni og varar til laurdag 13. juni. Me ønskjer at innbyggjarar og tilreisande skal få oppleva både gjesteartistar og lokal kultur i ulike delar av Samnanger. Me vil skapa møteplassar mellom bygder og generasjonar go håpar du vert med!

 

* Ønskjer ditt lag, din organisasjon eller di verksemd å laga til eit arrangement i løpet av Samningaveko? Meld frå til Samningaveko@samnanger.kommune.no for å vera med i programmet. Frist 25. februar. Det me treng å veta er type arrangement, dag og ca tid.

 

* Ønskjer du å stilla med bod/stand under Tyssedagen? Meld frå til Samningaveko@samnanger.kommune.no. Eigne fristar. 

 

Ta gjerne kontakt for spørsmål og innspel. Send ei melding til oss på facebook, skriv ein epost til Samningaveko@samnanger.kommune.no eller ring 56587400.

Publisert av Meline Heimdal Haugland. Sist endra 13.01.2020
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering