Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Problem med telefonsentralen på legekontoret

(Publisert 12.10.2018). På grunn av tekniske problem fungerer telefonsentralen på legekontoret dessverre ikkje slik den skal. 

Det går framleis an å ringja til sentralbordet på legekontoret (telefonnummer 56589100) i opningstida (mellom kl. 08.30 og 11.30 og mellom kl. 13.00 og 14.30), men følgjande funksjonar fungerer dessverre ikkje: 

  • Køordninga på telefonsentralen fungerer ikkje. Dersom telefonen er opptatt når du ringjer, vil du derfor ikkje bli lagt inn i kø.  
  • Dei som ringjer til legekontoret utanom opningstida, vil ikkje få melding om at telefonen er stengt. 


Kommunen beklagar at desse problema har oppstått, og arbeider for å få løyst problema så raskt som mogleg. 


Telefonnummer som må brukast ved behov for øyeblikkeleg hjelp / i naudsituasjonar: 
Dersom det oppstår behov for øyeblikkeleg hjelp i legekontoret si opningstid, og du ikkje får kontakt med legekontoret på telefon, må følgjande telefonnummer brukast: 

  • Legevakttelefon 116117
  • Medisinsk naudnummer 113  


Dersom det oppstår behov for øyeblikkeleg hjelp utanom legekontoret si opningstid, må du også ringja legevakttelefonen 116117 eller naudnummeret 113.


Meir informasjon: 


 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 12.10.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering