Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Registrering av opplysningar om fritidsbustader

Elektronisk skjema for registrering av opplysningar om fyringsanlegg i fritidsbustader i Samnanger er lagt ut her på kommunen si heimeside. Meir informasjon om dette finn du nedanfor. 

Det vert i juni 2017 sendt ut eit brev til eigarar av fritidsbustader i Samnanger, om registrering av opplysningar om fyringsanlegg (skorstein, omn) samt sløkkemiddel og røykvarslar. Eigar/eigarrepresentant blir der bedt om å melda inn opplysningar innan 01.08.2017, via eit elektronisk skjema. Sjå lenke til skjemaet nedanfor.  

Bakgrunnen for saka er at det i 2016 vart innført ny nasjonal forskrift om brannførebygging. Ei viktig endring i den nye forskrifta er at fritidsbustader skal vera omfatta av feie- og branntilsynstenester, på same måte som heilårsbustader. Samnanger kommune må som følgje av den nye forskrifta gjennomføra feiing og tilsyn også i fritidsbustader. For å kunne gjera dette, må kommunen først kartleggja kva fritidsbustader som har fyringsanlegg (skorstein, omn). 

 

Elektronisk skjema for innmelding av opplysningar:

 



Eigarar/eigarrepresentantar som ikkje kan bruka det elektroniske skjemaet, må ta kontakt med Samnanger kommune på tlf. 56 58 74 00 for å få tilsendt eit papirskjema. 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 27.06.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Hilde-Lill Våge      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering