Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Reglar for besøk til pasientar på Samnangerheimen

Med verknad frå 08.06.2020 har pasientar på Samnangerheimen igjen moglegheit til å få besøk av sine pårørande. Nærmare informasjon finn du nedanfor (informasjon utarbeidd i juni 2020).  



Samnangerheimen har dei to siste vekene opna opp for pårørande besøk i Sansehagen og måndag 8. juni lettar me forsiktig på restriksjonar for besøk inne på Samnangerheimen.

Det vil bli åpna opp for besøk av 1 pårørande 1 gang i veka i 1 time.

Pårørande kan då koma på inntil 1 times besøk kvar veke. Besøka skal fortrinnsvis forgå på storstova, men ved spesielle tilfelle kan besøka gjennomførast på pasientrom.

Ved fint ver, anbefalar me framleis at besøka skjer utandørs i sansehagen.

Ytterdørane til Samnangerheimen vil framleis vera låste, slik at besøk må avtalast på førehand. På den måten har me framleis kontroll på kor mange besøkande som kjem til ei kvar tid. 

Etter kvart som samfunnet opnar meir opp, blir det ekstra viktig å passe på sikkerheita overfor risikoutsette grupper, som pasientar på Samnangerheimen.

Samnangerheimen må tilpassa besøk i forhold til drifta og vurdera når besøk kan skje. Besøka skal alltid avtalast på førehand.

Dersom det oppstår smitte på Samnangerheimen eller i Samnanger kommune, vil det koma nye restriksjonar.

Det er fortsett viktig at strenge smittevernreglar vert følgde.

Reglane for besøk kan virka strenge, men me ynskjer å vera føre var med tanke på sommaravvikling, tilgang på fagutdanna helsepersonell og oppretthalda smittevern.

Det kan gjerast unnatak frå reglane dersom pasientar blir akutt dårlig eller døyande.


Reglar ved besøk på Samnangerheimen

  • Pårørande må avtala besøk med Samnangerheimen på førehand.
  • Besøkande må vera friske.
  • Anamneseskjema skal gjennomgåast og besøkande skal sjølv skrive under på dette.
  • Besøk skal fortrinnsvis skje utandørs i sansehagen eller i storstova med bruk av eigen inngang.
  • Besøkande må fortsett halda 1 meters avstand til pasientane.
  • Det vil vera ein tilsett som tar imot  besøkande når dei kjem. Den tilsette skal sikra at alle utfører handhygiene, held minst 1 meters avstand til pasient og tilsette og går direkte til og frå storstova og ikkje oppheld seg i andre rom.
  • Også ved besøk utandørs skal alle utføra handhygiene og halda minst 1 meters avstand til pasient og tilsette. 
  • Pårørande kan gå tur med sine.
  • Besøka er forbeholdt dagtid, begrensa på helg og frå veke 27 til 33 blir det ingen besøk på helg pga kapasitet.



Med helsing

Einingsleiar  Janne Drevsjø

Smittervernlege Harald Salbu




Anamnese besøk på Samnangerheimen
  • Har du vore i utlandet dei siste 10 dagar?
  • Har du vore saman med nokon som har vore i utlandet dei siste 10 dagar?
  • Har du fått påvist Covid 19?
  • Har du vore saman med nokon som har fått påvist Covid 19 dei siste 10 dagar?
  • Er du forkjøla?
  • Har du feber?
  • Har du hoste eller er tung for pusten?
  • Er du sår i halsen?


Dersom du svarer ja på eitt eller fleire spørsmål, kan du ikkje koma på besøk på Samnangerheimen.

Dersom du har hatt feber eller anna forkjølelsessymptom må du være symptomfri + 2 dagar før du kan koma på besøk.

Dersom du får feber eller anna forkjølelsessymptom etter eit besøk på Samnangerheimen, skal du gje beskjed om dette.

I tillegg må du overhalda reglar for besøk og overhalda hoste/nyse-prinsippa, vaska og sprita hender straks du kjem inn på Samnangerheimen.

Sist endra 22.07.2020 15.33
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering