Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Samnanger kommune sin kulturpris 2015

I møte den 26. mai vedtok Utval for oppvekst og omsorg i Samnanger kommune å gje Samnanger kommune sin kulturpris til familien Røen ved Marit, Knut Inge, Linn Borgny og Benjamin.

 

Både i grunngjevinga i nominasjonen og i utvalet sitt vedtak vert det lagt vekt på den songgleda familien bidreg med i Samnanger. Marit Andresen Røen som ein engasjert og levande leiar av barnekoret i mange år, og Knut Inge Røen for song på mange ulike arenaar. Knut Inge Røen syng i gravferder, for dei eldre på ulike kveldar, ved høgtidar og har gjeve ut fleire CD’er. Linn Borgny og Benjamin er ofte med og syng.

 

I år er det 50 år sidan Knut Inge Røen opptredde for første gong. Det skjedde i grendahuset i Nordbygda.

 

Samnanger kommune takkar familien Røen for songglede til ulike generasjonar gjennom mange år.

 

Publisert av Arnved Soldal Lund. Sist endra 02.06.2015
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering