Frå første til andre laurdag i juni 2018 er det Samningaveko igjen!
Veka opnar med Tyssedagane 2. og 3. juni og varar til laurdag 9. juni då det er Sommartreff på Bjørkheim. Me ønskjer at innbyggjarar og tilreisande skal få oppleva både gjesteartistar og lokal kultur i ulike delar av Samnanger. Me vil skapa møteplassar mellom bygder og generasjonar og håpar du vert med!
Ønskjer ditt lag, din organisasjon eller di verksemd å laga til eit arrangement i løpet av Samningaveko? Meld frå til Samningaveko@samnanger.kommune.no innan 20. februar for å vera med i programmet. Det me treng å veta er type arrangement, dag, tid, stad, arrangør og eventuelt inngangspris.
Ønskjer du å stilla med stand/bod under Tyssedagane? Meld frå til Tysse Landhandleri til epost post@5650tysse.no innan 20. februar.
Ta gjerne kontakt for spørsmål og innspel. Send ei melding på facebook, skriv ein epost til Samningaveko@samnanger.kommune.no eller ring 56587400.