Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Siste frist for gratis HPV-vaksine

Desember 2018 er siste frist for unge kvinner som ønskjer å starta gratis HPV-vaksinasjon. Tilbodet gjeld for kvinner fødd i 1991 eller seinare.  

HPV-vaksine vert anbefalt til unge kvinner fødd 1991 eller seinare fordi den førebyggjer livmorhalskreft og annan HPV-relatert kreft.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, oftast i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ein vedvarende infeksjon som på sikt kan føra til kreft.

Livmorhalskreft er den vanlegaste forma for HPV-relatert kreft. Kvart år får om lag 350 kvinner i Norge livmorhalskreft og 60-100 dør av sjukdommen. Vaksinen kan gje beskyttelse sjølv om man har debutert seksuelt.

Unge kvinner har en unik moglegheit til å beskytta seg mot livmorhalskreft ved å få HPV-vaksine. No er det viktig at alle får med seg at det er siste moglegheit for å starte gratis HPV-vaksinering, sier Kari Anne Tolås Boge, helsesøster i Samnanger kommune.

HPV-vaksinasjon består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 månader. Dei som er i gang med vaksinasjon kan fullføra innan utgangen av juni 2019.

Unge kvinner i målgruppa kan få vaksinen ved å henvenda seg til Samnanger helsestasjon. 

 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 25.09.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Kontaktperson (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering