Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Sjøkabel Storbritannia-Noreg - ilandføring i Samnanger?

Samnanger (Børdalen) er eit av alternativa som skal utgreiiast for ilandføring av ein ny sjøkabel mellom Storbritannia og Noreg.

Det er selskapet NorthConnect KS som planleggjer å byggja den nye sjøkabelen/likestraumsforbindelsen. NorthConnect KS er eit prosjektselskap som er eigd av dei fem selskapa Agder Energi, E-CO, Lyse, Scottish and Southern Energy og Vattenfall AB.  

I utgangspunktet planla NorthConnect KS berre å utgreia Suldal og Kvilldal i Rogaland som moglege ilandføringspunkt. Noregs vassdrags- og energidirektorar (NVE) har bedt om at eit alternativ med ilandføring av sjøkabel ved Samnanger transformatorstasjon i Børdalen også vert utgreidd.

Representantar frå NorthConnect KS orienterte måndag 10.10.2011 ordføraren og andre representantar for Samnanger kommune om prosjektet.

Meir informasjon om prosjektet finn du på NVE sine nettsider, sjå http://www.nve.no/no/allekonsesjoner/?soknad=1985&stadium=1&type=51 

Du finn også informasjon på http://www.northconnect.no
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 13.10.2011
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering