Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Slik blir årets influensavaksinering

Fram til 01.12.2020 er årets influensavaksinar forbeholdt helsepersonell med pasientkontakt og personar som er i risikogruppene. 

Koronapandemien endrar ikkje anbefalingene for influensavaksinasjon. Det er dei same risikogruppene som tidlegare som vert anbefalt å ta influensavaksine. Særleg viktig er det at personar som er i risiko for alvorleg sjukdom vaksinerer seg. Det er viktig å vera klar over at influensavaksinen ikkje beskyttar mot koronasmitte.


Til personar i risikogruppene:
Fastlegekontoret gjennomfører vaksinasjon av risikogrupper. Risikogruppene består av alle som er 65 år eller eldre samt personar med kroniske sjukdommar som kan medføra at influensa gir eit meir alvorleg sjukdomsforløp.

 


Årets influensavaksinar er forventa å koma til kommunen i slutten av oktober, slik at vaksinasjon forhåpentlegvis kan starta seinast måndag 2. november. Målet er at risikogruppene får vaksine innan 1. desember. Dette vil vera i god tid før det er forventa at årets influensasesong startar. Det vil koma ny informasjon i Samningen og på kommunen si nettside med informasjon om korleis du bestiller time for vaksinering. Ikkje møt fysisk opp på legekontoret utan avtale. Vaksineringa vert i år i stor grad dekka av det offentlege. Eigenandelen er 50 kroner, men gratis dersom du har frikort.

Bebuarar på sjukeheim og dei som mottek heimesjukepleie vert vaksinerte av tilsette i pleie og omsorg.

Samnanger kommune har i år bestilt betydeleg fleire vaksinedosar enn det som er vanleg, for å dekka opp for den forventa auka etterspørselen.


Særskilte i risikogruppa skal i år ha ein annan vaksine:
Nytt av året er at enkelte grupper vert tilbydd ein eigen vaksine (FLUAD) som aukar immunresponsen og dermed gir betre effekt hos eldre enn den tradisjonelle influensavaksinen. Vaksinen vert levert i ei begrensa mengde og vert gitt til beburarar i sjukeheim og langtidsinstitusjonar samt til personar over 65 år i omsorgsbustader og andre former for forsterka butilbod. Deretter kan vaksinen tilbydast til heimebuande personar over 80 år som står i kø for institusjonsplass eller har eit omfattande hjelpebehov for å ivareta eiga helse. 

FLUAD er forventa levert i november. Personar som skal ha FLUAD, skal ikkje ta den ordinære influensavaksinen. Desse må altså venta til november med å vaksinera seg. Dette er ikkje for sent, men eit optimalt tidspunkt å vaksinera seg mot influensa fordi ein då har best beskyttelse når det er forventa ein topp (vanlegvis i februar).


Til andre innbyggjarar som ønskjer vaksine:
Før 1. desember vil det ikkje vera mogleg for andre enn helsepersonell eller personar i risikogruppene å få influensavaksine. Dette gjeld også for vaksinering på apoteka.

Personar som ikkje får moglegheit til å vaksinera seg, kan også i stor grad beskytta seg mot sjukdom ved å følgja dei generelle smittevernråda mot covid-19.


Til helsepersonell med pasientkontakt:
Helsepersonell bør ta influensavaksinen både for å beskytta seg sjølv og pasientane sine mot influensa. Dette vil også bidra til at helsetenesta opprettheld god beredskap og kapasitet. Tenestestadene organiserer sjølv vaksineringa.


Mer informasjon kjem:
Mer informasjon kjem når me nærmar oss slutten av oktober. Det vil også koma annonse i Samningen.

Sist endra 02.10.2020
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Ingebjørg Vamråk      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering