Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Slik får du ei branntrygg påske

I påska tenner vi gule stearinlys, griller pølser i solveggen og fyrer i peisen om kvelden. For å unngå brann kan det vere lurt å følgje brannvesenets påsketips.


 Påskeliljer - Klikk for stort bilete

 Brannvesenets 5 påsketips
 

1. Sørg for at du har fungerande røykvarslar på hytta, i båten eller i campingvogna. Hugs å ta med nye røykvarslarbatteri eller skaff deg ein reiserøykvarslar.
 

2. Sjekk slangar og koplingar på propananlegget. Om natta kan du gjerne kople i frå slangen til gassbehaldaren.
 

3. Ikkje sett aska frå eldstaden rett utanfor hytte- eller husveggen. Kjøl ned aska i ei brannsikker bøtte med lokk og plasser i god avstand frå veggen.
 

4. Gå aldri frå eit rom med levande lys. Bruk ikkje-brennbare lysestakar og sett lysa i god avstand til brennbart materiale.
 

5. Skal du grille må du sørgje for god avstand til brennbart materiale. Hugs å slokke grillen heilt før du forlèt den.

 

Enten du befinn deg heime, på hytta, i båt, campingvogn eller andre stader – ha ei god og branntrygg påske!
 

Påskelys - Klikk for stort bilete

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 12.04.2019
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering