Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Småbarnstreff i biblioteket

Småbarnstreff i biblioteket.JPG - Klikk for stort bilete  Oppstart torsdag 22. februar 

Samnanger bibliotek  og Samnanger helsestasjon startar opp med småbarnstreff på biblioteket. Me ynskjer å laga eit møtepunkt der born og vaksne kan møtast for prat og leik. Det vert treff èin gong i månaden, og det sosiale står i fokus. Me legg opp til eit enkelt tema kvar gong. 

 

Stad: Biblioteket på Bjørkheim. Tid: Èin torsdag i månaden kl 11.00.  
Fyrste gong:  torsdag 22. februar klokka 11.00.

 

Denne gongen tek me ein presentasjonsrunde på oss som startar opp med dette, samt ynskjer og forventningar. Bibliotekar vil lesa høgt frå barnebok. Etterpå spanderer me te og kaffi, ta gjerne med niste.

 

Dagar vidare er: 22. mars, 19. april, 31. mai, eventuelt 14. juni.

 

Alle born, både nyfødde, litt eldre og søsken saman med foreldre/føresette er velkomne. Biblioteket har stellerom.

 

Håpar dette kan vera eit tilbod som born og foreldre/føresette ynskjer å nytta seg av. 

 

Merethe Gauden, biblioteksjef

Kari Anne Tolås Boge, helsesøster

Meline Heimdal Haugland, leiar kultur


 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Meline Heimdal Haugland. Sist endra 26.01.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering