Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Statens vegvesen rustar opp to tunnelar i Samnanger

Hagaåstunnelen og Liarostunnelen på fylkesveg 7 skal no rustast opp. Like inn i 2018 startar arbeida, som i hovudsak vil finne stad nattetid. Arbeidet i tunnelane vil måtte utførast på kvelds-/nattetid av omsyn til trafikkavviklinga. Det vil gå om lag eitt år før opprustinga er ferdig. 

Mellom kl. 20:00-06:00 vert det planlagt kolonnekøyring gjennom tunnelane.

 

På dagtid vil tunnelane vera opne for fri ferdsel, men med noko redusert framkomst. 

 

I periodar kan tunnelane bli heilt stengt midt på natta. Slike stengingar er naudsynt i samband med sprenging og arbeid i heng. Sprengingsarbeida er planlagt utført i startfasen av prosjektet, truleg i januar og februar. Medan tunnelane er stengd vil tunge køyretøy bli vist til å nytte alternativ rute.

 

Informasjon om trafikkavviklinga vert tilgjengeleg på vegvesen.no/trafikk. Det vert og sett ut skilt langs vegen. 

 

For meir informasjon kan ein kontakte:

Byggjeleiar Vibekke Rørgård, 41844439, vibekke.rorgard@vegvesen.no

 

I Hagaåstunnelen og Liarostunnelen skal elektroanlegget skiftast ut og sikkerhetisutstyret skal oppgraderast, mellom anna i belysning, ventilatorar, naudskap og tekniske bygg.

Nye tekniske bygg ved både Hagaåstunnelen og Liarostunnelen.

DAB/naudnett skal installeres i begge tunnelane.

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 09.01.2018
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering