Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Stenging av fysioterapitenesta

(Oppdatert 24.03.2020) Samnanger fysikalske institutt held stengt frå og med 16.03.2020. Det same gjeld kommunefysioterapauten sitt tilbod til pasientane. 

Årsaka til stenginga er vedtak gjort av Helsedirektoratet 15.03.2020, om stenging av diverse virksomheiter for å stoppa spreiing av koronviruset (covid-19). Vedtaket gjeld mellom anna fysioterapeutar. Vedtaket om stenging vart 24.03.2020 forlenga til å gjelda til og med 13.04.2020, men kan bli forlenga. 


Fysioterapeuten er tilgjengeleg på telefon og videokonsultasjon i perioden med stenging
Det går fram av Helsedirektoratet sitt vedtak at kommunane må sikra at pasientar får dekka behovet sitt for heilt nødvendig helsehjelp også i den perioden stenginga gjeld for. Dette kan for eksempel omfatta pasientar med behov for heilt nødvendig rehabilitering og behandling etter akutt sjukdom, eller nødvendig behandling for å oppretthalda viktig funksjon som elles kan gå tapt.

 
Fysioterapeuten vil derfor vera tilgjengeleg på telefon for råd, veiledning og instruksjon i heile perioden 16.03. - 13.04.2020. Samnanger fysikalske institutt tilbyr også videokonsultasjonar. 



Kontaktinformasjon

Samnanger fysikalske institutt v/Geir Næss: 


Kommunefysioterapeut Åse Waage Tveit: 

Sist endra 24.03.2020 19.48
  • Utskriftsvenleg versjon
Diverse informasjon (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering