Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Stor skogbrannfare

Det er stor skogbrannfare som følgje av tørt og solrikt vêr. Ver varsam med bruk av eld utandørs  -  og hugs bålforbodet. 


Me er inne i ein svært tørr og solrik periode, og skogbrannfareindeksen viser stor og aukande fare for brann i vegetasjonen. Brannvesenet oppfordrar difor alle til å utvisa svært stor varsemd med bruk av eld utandørs.

Ver varsam med bruk av eld utandørs - og hugs bålforbodet!

Frå 15. april til 15. september er det eit generelt bålforbod i skog og mark. I enkelte tilfelle er det likevel lov å gjera opp bål dersom det openbart ikkje kan medføra brann. Den høge skogbrannfareindeksen i Bergen og omegn viser imidlertidig at ein for tida ikkje kan garantera at bruk av eld utandørs ikkje vil medføra brann

Fram til skogbrannfareindeksen igjen viser «Liten fare», er det difor ikkje tilråda å for eksempel gjera opp bål eller bruka eingongsgrillar i vasskanten, på barfjellet eller i eigen hage. Dette gjeld også lyngsviing og flatebrenning.

Følg med på skogbrannfareindeksen her: http://www.yr.no/spesialvarsel/skogbrannfare.html

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 05.05.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Hilde-Lill Våge      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering