Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Tilskot til verna kulturminne i Vestland

 Frist 1. februar 

Tilskotsordninga tek sikte på å gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane, regulert til bevaring/omsynssone vern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha høg regional verdi. 

 

Kven kan søkje – absolutte kriterier
Eigarar av verneverige kulturminne i Samnanger kommune og eigarar av regionalt verdifulle kulturminne registrert i kulturminnedatabasen Askeladden. Kommunen prioriterer søknadane som vert sendt vidare til Vestland fylke.

 

Kva kan støttast – absolutte kriterier
Kommunane kan berre søka tilskot til faste kulturminne i Vestland som enten er:
1. Prioritert i kommunal kulturminneplan.
2. Regulert til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova. 
3. Vurdert av fylkeskommunen som kulturminne av høg regional verdi.

 

Tiltak som stettar fleire av dei tre kriteria skal prioriterast. 

 

Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Tilskot kan også nyttast til andre tiltak i handlingsplan til kulturminneplan som kurs og formidling. 
Kva kan ikkje støttast:
• Tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige.
• Tiltak på freda kulturminne.
• Ordinær vedlikehald og drift.
• Kommunal sakshandsaming knytt til ordninga. 

 

Det vert ikkje gjeve tilskot til kommunar som finansierar eiga forvaltning av ordninga med avgift pålagt brukarane.

 

Føremål med ordninga
Det overordna målet er å sikra regionen sine kulturminneressursar som vitskapeleg kjeldemateriale og grunnlag for nålevande og framtidige generasjonars oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd. Tilskotsordninga sitt føremål er å minimalisera tapet av verneverdige kulturminne, gjennom å støtte kommunar som tek ansvar for å identifisere, verdsetje og forvalte verneverdige kulturminne i tråd med nasjonale og regionale mål. Ordning skal stimulere til auka innsats på kulturminnefeltet og styrka vern av prioriterte kulturminne av lokal og regional verdi.

 

Vilkår for tildeling
Tildeling føreset minst 50% kommunal eller anna finansiering av tiltaket. I særlege høve kan kravet fråvikast. Tiltaka skal fylgje antikvariske retningsliner og utførande handverkarar må ha utdanning eller realkompetanse innan bygningsvern og kunne vise til erfaring frå  tilsvarande prosjekt.

 

Søknadskrav
Søknaden må minst innehalde ei skildring av tiltaka med finansiering- og framdriftsplan. Ta kontakt med kulturkontoret for søknadsskjema. 

 

Varigheit
Tilskotet gjeld ut tildelingsåret og det påfølgande år.

 

Søknadsfrist: 1. februar 2020

 

Sjå óg Kulturminnefondet som forvaltar staten sin tilskotsordning retta inn mot einskilde eigarar og lokale kulturminne. Det er ingen søknadsfrist og søknadane vert handsama fortløpande. 

Publisert av Meline Heimdal Haugland. Sist endra 14.01.2020
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Ingebjørg Vamråk      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering