Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Tilskotsordningar

 Kulturmidlar, eksterne tilskot og Vilt- og fiskefondet

Kulturmidlar

Personar, organisasjonar, lag/foreiningar, grupper og institusjonar som driv kultur- og fritidsarbeid i Samnanger kommune kan søkja om kulturmidlar:

  • Driftstilskot til lag og organisasjonar
  • Tilskot til kulturminne
  • Tilskot til tilskipingar
  • Underskot til tilskipingar

Søknadsfrist 20. mars.

 

Link til Rentingsliner for tildeling av kulturmidlar.
Link til Søknadsskjema for kulturmidlar

 

 

Eksterne tilskot
Ein kan óg søka om:

  • Lokale kulturbygg
  • Tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Søknader retta mot desse ordningane må sendast til kommunen gjennom www.anleggsregisteret.no for sakshandsaming, og har eigne søknadsfrister.

 

For meir informasjon om ordningane sjå Tilskotsordningar

 

 

Vilt- og fiskefondet  

Privatpersonar, frivillige organisasjonar og offentlege instansar kan søkja om tilskot til tiltak som tek vare på eller betrar tilhøve for fisk, vilt, og friluftsliv i Samnanger kommune. Send søknad til postmottak@samnanger.kommune.no eller Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse.

Søknadsfrist 1. april

Publisert av Meline Heimdal Haugland. Sist endra 12.02.2019
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering