Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Tyssetunellen er opna!

DSC_0055.JPG - Klikk for stort bilete

Måndag 29.06.2015 vart Tyssetunellen endeleg opna. Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen kutta snora som symboliserte at vegen er opna etter omtrent to og eit halvt års byggetid.

 

DSC_0036.JPG - Klikk for stort bilete

På ein elles regnfull dag fekk denne folkefesten i Samnanger opphaldsver frå første korpstonen til siste kakebiten.

 

Stille i eitt minutt
Prosjektet opplevde diverre ei tragisk ulykke heilt i starten, då Leif Fagerli (58 år) som jobba for W. Giertsen mista livet. Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen oppmoda til eit minutts stille.

 

Talar for dagen
Regionvegsjef Helge Eidsnes sa litt om prosjektet og takka for godt arbeid. Han nytta høvet til også å takke hovudentreprenør Implenia Norge AS for innsatsen, som også vil gi reisande ei god oppleving.

 

Ordførar i Samnanger, Marit Aksnes Aase: -Eg har brukt begrepet ”Kinderegg” om anlegget: tunellen, ny bru, gang – og sykkelvegen, fiskestien, kommunal vassledning Tysse – Frøland, BKK har lagt trekkerør i same trase for kablar og leidningar, parkeringsplassar og ny tilkomst til Ospevika, som seinare skal utviklast som friområde. Takk for godt lagsamarbeid som har gitt betydeleg kvalitetsauke innan fleire område for lokalsamfunnet vårt.

 

Mange godord
Det vart eit framifrå resultat og prosjektleiar Svein Rosseland med sin gjeng kan vere strålande nøgde med vel gjennomført arbeid. Her er lagt vekt på tilhøva for gåande, syklande og «fiskande» - med over fem km gang-/sykkelveg og fiskesti langs Frølandsvatnet og Tysseelva. Fleire talarar trekte også fram dei estetiske kvalitetane prosjektet har fått, og rosa planleggarane for sitt arbeid.

 

Konferansier Svein Aadland sa det treffande under folkefesten ved Samnanger ungdomsskule etter opninga: – Ordføraren er jo forplikta til å skryte, det er ikkje eg - som vanleg innbyggar. Det vart eit flott veganlegg, og takk for det!

Ordførar Marit Aksnes Aase fekk ros fordi ho ville ha folkefest, ho fekk svært mange gjestar – og svært mange blomar og klemmar.

 

-Dette er det største vegprosjekt Hordaland fylkeskommune nokon gong har fått bygd utan bompengar, sa fylkesordførar Tom-Christer Nilsen i sin tale. Rett nok vart det litt dyrare enn planlagt, men vi er svært godt nøgde med resultatet.

Lokale bedrifter og kommunar har forskottert midlar til dette vegprosjektet. Både Frank Mohn, Fusa Kraftlag og BKK har vore med på spleiselaget i tillegg til Samnanger, Fusa og Kvinnherad kommune.
 

-Det er god tradisjon å løfte i flokk, slik Bernt Grimstvedt i Fusa Kraftlag uttrykte det etterpå.

Nabokommunane helsa og takka for ny veg og raskare/tryggare ferd, noko som vil bidra til tettare samarbeid i distriktet.

 

Underhaldning og servering
Dyktige elevar frå Samnanger kulturskule underheld frå scena, og det var flott korpsmusikk med Eikelandsfjorden Musikklag på opningsstaden, og Samnanger Skulemusikk på arrangementet etterpå. Dei siste kom rett frå korpstur til Færøyane, men stilte opp og ga denne festdagen litt ekstra glans.

 

Publisert av Arnved Soldal Lund. Sist endra 29.07.2015
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering