Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Utlån av kommunale bygg til fritidsaktivitetar

Kommunen si kriseleiing bestemte 02.09.2020 å innføra prøveordning med utlån av kommunale bygg til enkelte fritidsaktivitetar (musikklag og handball). 

Som eit førebyggande tiltak mot koronasmitte har utlån av kommunale bygg til fritidsaktivitetar vore stoppa i ein periode etter skulestarten i haust. Det vert no innført prøveordning med utlån av kommunale bygg til musikkorps og handball. Diverse smitteverntiltak må følgjast, mellom anna må det gjennomførast reinhald av lokalet før musikkøvinga/hanballtreninga. Prøveordninga vil truleg vara fram til haustferien, då det vil bli gjort ei ny vurdering. 

Det vil og vera mogleg å låna enkelte kommunale bygg til for eksempel dåp og konfirmasjon, under føresetnad av at smitteverntiltak vert ivaretekne. 

Sist endra 08.09.2020 10.34
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Ingebjørg Vamråk      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering