Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Bustøtte / bustønad

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Du kan søkje om bustønad dersom husstanden din har låge inntekter og høge bukostnader.

Det er forholdet mellom inntekt og bukostnader som avgjer om du har rett til bustønad. Inntekta di må vere så låg at du har problem med å betale bukostnadene. Det er sett øvre grenser for kor høg inntekt du kan ha for å kunne få bustønad. Inntektsgrensene finn du her: http://www.husbanken.no/bostotte/inntektsgrenser/

Frå 2013 er det innført ein automatisk etterkontroll av inntektene som er nytta ved utrekninga av bustønad.


Oppdatert

21.05.2013 12:36

Kriterium

For å få bustønad må du og bustaden din oppfylle desse krava:

  • Du må ha fylt 18 år. Dersom du har eigne barn, kan du søkje sjølv om du er under 18 år.
  • Du må bu i bustaden du søkjer bustønad for. Du må òg vere registrert på denne bustaden i Folkeregisteret.
  • Bustaden din må vere godkjend for heilårsbruk. Det kan ikkje vere ein fritidsbustad. I tillegg må han ha eigen inngang og vere høveleg for å kvile og å lage mat.

Du kan ha rett til bustønad dersom du er student med eigne barn eller studerer som del av eit offentleg program for arbeidskvalifisering gjennom Nav eller kommunen.


Handsaming

Kommunen tek imot søknaden, registrerer han og har den løpande kontakten med deg. Når søknaden blir behandla, blir det innhenta opplysningar frå ei rekkje offentlege instansar som for eksempel Folkeregisteret, Likningsregisteret og Nav. Husbanken gjer det formelle vedtaket om stønad.
Har du fått innvilga bustønad, treng du ikkje å søkje kvar månad.
Du må gje skriftleg melding til kommunen dersom det skjer nokre endringar. Du må straks melde frå  

  • dersom du/de flyttar til ein ny bustad (da må du òg søkje på nytt)
  • dersom éin eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • dersom bukostnadene endrar seg
  • dersom dei samla inntektene i husstanden overstig inntektsgrensa som er oppgjeven i vedtaket


Dersom du ikkje gjev melding om endringar, så kan for mykje utbetalt bustønad krevjast attende. Det er straffbart å føre opp uriktige opplysningar eller å unnlate å gje opplysningar.

Frå 2013 er det innført automatisk etterkontroll av inntektene som er nytta ved utrekning av bustønad.


Søknadsfrist

Den 14. i kvar månad. Utbetalinga skjer ca. den 10. i den etterfølgjande månaden. Det er situasjonen den 1. i månaden som blir lagt til grunn for utrekninga av bustønaden.


Klage

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen skal du sende til kommunen. Hugs alltid å gje opp namn, fødselsnummer og kva saka gjeld. Forklar kva du meiner er feil og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Du må skrive under på klagen og leggje ved relevant dokumentasjon. Kommunen kan hjelpe deg å klage. Husbanken behandlar klagen innan to til seks veker og sender deg eit vedtak. Dersom du ikkje har fått medhald i klagen din, kan du be om at klagen din blir behandla av den uavhengige klagenemnda for Husbanken. Ønskjer du å søkje bustønad for kommande månader, må du sende inn ny søknad til kommunen.


Rettleiing

Du må sende skriftleg søknad om bustønad. Søknadsskjema kan du få frå kommunen eller laste ned frå Internett.

Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering