Beskriving
Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.
- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune
Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:
Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast (gjeld òg tiltak som ikkje er søknads- eller meldepliktige etter plan- og bygningslova). Minst 60 prosent av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusere mengda byggavfall og auke gjenbruk og gjenvinning.
Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten sende inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje som er innlevert av dei ulike avfallsfraksjonane.
Etter byggesaksforskrifta § 8-1 skal sluttrapport sendast inn saman med søknad om ferdigattest.
Oppdatert
20.04.2012 11:58
Kriterium
Kravet om avfallsplan gjeld mellom anna
-
nybygg over 300 kvadratmeter bruksareal
-
riving/rehabilitering av bygg over 100 kvadratmeter bruksareal
Målgruppe
Avfallsprodusentar, det vil seie tiltakshavarar (byggherrar) og ansvarleg utførande føretak
Handsaming
For tiltak som både
-
krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova og
-
utløyser krav om avfallsplan og eventuell miljøsaneringsutgreiing
vil behandling av avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing vere knytta opp mot byggjesaksbehandlinga.
Handsamingstid
Vil vere avhengig av byggjesaka og type byggjetiltak
Klage
Dersom du ikkje får godkjenning, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Vedlegg
Saman med sluttrapporten skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som er levert.
Dette kan vere
-
ordinær kvittering frå avfallsmottak
-
deklarasjonsskjema for farleg avfall (det er deklarasjonsplikt ved levering av farleg avfall)
-
eigenmeldingsskjema (dersom du til dømes har selt takstein eller treverk eller brukt nedknust betong som fyllmasse eller tilsats på byggjeplass)
Rettleiing
Ein tilrår at du nyttar skjemaa for avfallsplan og sluttrapport (sjå under). I samband med rehabilitering og riving skal du òg utarbeide ei eiga miljøsaneringsutgreiing for farleg avfall.
Avfallsplanen skal m.a. innehalde
-
eit estimat over mengder og typar byggavfall som vil oppstå i samband med tiltaket
-
ein plan for korleis byggavfallet skal handterast og disponerast
Referansar