Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Byggje- og aktivitetsforbod langs offentleg veg - dispensasjon

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Det er eit allment byggje- og aktivitetsforbod på privat eigedom i eit belte langs kommunal veg (byggjegrenseavstand). Forbodet gjeld bygningar, men òg hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikta. Kommunen behandlar og godkjenner søknad om

  • dispensasjon frå dei alminnelege byggjegrensene i veglova
  • dispensasjon frå byggjegrenser som er fastsette i reguleringsplan (berre mindre vesentlege endringar)
  • løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
  • løyve til å strekkje leidning over eller langs veg

Kommunen kan påleggje å fjerne vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg.


Oppdatert

20.04.2012 12:00

Kriterium

Byggjegrenseavstanden kan vere fastsett i arealdelen i kommuneplanen eller i reguleringsplanen. Er området ikkje regulert eller planen ikkje har byggjegrenser, gjeld føresegnene om avstand i veglova. Dersom søknad om dispensasjon eller løyve òg er fremja i ein byggjesøknad, blir han behandla i byggjesaka. Reglane om avstand frå veg varierer med kva slags innreiing det er snakk om. Det avgjerande er

  • kravet til fri sikt og andre trafikktryggleiksvurderingar
  • behovet for å reservere ein romsleg kanal gjennom landskapet til ulike vegformål

Målgruppe

Grunneigarar langs offentleg veg, entreprenørar og byggjebransje


Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.


Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering