Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hòltakingsverksemd - godkjenning/melding

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Ønskjer du å starte eller å overta ein frisørsalong, hud- og fotpleiesalong, tatoverings- og hòltakingsverksemd e.l., må du anten få godkjenning av kommunen eller sende ei melding til kommunen. Lokale i tatoverings- og hòltakingsverksemder skal godkjennast. Frisør- og hudpleieverksemder må oppfylle dei same hygienekrava, men treng inga godkjenning, berre melding.

Det blir stilt krav om at dei hygieniske forholda er tilfredsstillande og at verksemda førebyggjer overføring av smittsomme sjukdommar. Verksemda må godkjennast av / meldast til kommunen ved oppstart, ved utviding eller ved vesentlege endringar.


Oppdatert

20.04.2012 14:22

Kriterium

Det blir stilt krav til

  • lokala
  • rutinar for internkontroll
  • rutinar for å unngå smitteoverføring

Målgruppe

Personar som ønskjer å starte, overta eller flytte

  • frisørsalong
  • hud- og fotpleiesalong 
  • solstudio
  • tatoverings- og hòltakingsverksemd

Handsaming

Kommunen vil vurdere om det er behov for synfaring eller gransking av verksemda og kan påleggje at forhold blir retta eller at verksemda blir stansa. Tvangsmulkt kan ileggjast i samsvar med lov om folkehelsearbeid § 15. Dersom vilkåra ikkje blir overhaldne, kan godkjenninga trekkjast attende.


Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.


Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering