Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Frådeling av eigedom

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Ønskjer du å dele frå ei tomt eller opprette ein festegrunn for meir enn 10 år, må du søkje kommunen om løyve.  Eit slikt løyve er trinn 1 i ein saksbehandlingsprosess der trinn 2 er å halde ei oppmålingsforretning der den nye eininga får eige gards- og bruksnummer (matrikkelnummer). Ved delinga må det ikkje kome til forhold som strir mot plan- og bygningslova eller vedtekter som er gjorde etter lova. Difor er krava til søknaden og saksbehandlinga i kommunen den same som for byggjesøknader. Skal du søkje om frådeling for ei ekstra bustadtomt i hagen, må kommunen ta stilling til om det er mogleg å byggje eit bustadhus av normal storleik og standard på den nye parsellen. 

Det er ikkje nødvendig med løyve for deling som skjer som ledd i eit jordskrifte i tråd med ein rettsleg bindande plan.


Oppdatert

21.05.2013 13:45

Kriterium

For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden (og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra, eventuelt forslag om å endre reguleringsplan) vere godkjent av kommunen. Desse vilkåra må vere oppfylte:

  • Det må vere sendt varsel til naboane  
  • Tomtedeling må møte alle krava til byggjetomt i plan- og bygningslova, for eksempel krav til veg, vatn og avløp
  • Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Målgruppe

Blant andre desse kan krevje ein delingssøknad:

  • Grunneigarar (personar som har grunnboksheimel til ein eigedom)
  • Den som gjennom retttskraftig dom er kjent som eigar til den delen av eigedommen som ein ønskjer frådelt
  • Den som har løyst inn festegrunn etter lov om tomtefeste

Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket ender.


Handsamingstid

Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen overskridast.

Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/gjenbuarar og fråsegner frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med reglane.


Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.


Rettleiing

Søknaden om deling av eigedom skal vere skriftleg. Du må føre opp korleis du ønskjer at delinga skal utførast. Du må også leggje fram eit forslag til grensegangen som er teikna inn på kart.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering