Gravferd

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Den som har fylt 18 år, kan i ei skriftleg erklæring fastsetje kven som skal ha rett til å stå for gravferda. Elles vil det vere dei nærmaste etterlatne til den avdøde som har ansvaret for dette. Dersom det er usemje om kven som skal sørgje for gravferda, tar kommunen avgjerda. Dersom ingen sørgjer for gravferda, skal den kommunen der avdøde budde, sørgje for henne.


Oppdatert

21.05.2013 11:11

Kriterium

Gravlegging skal skje med respekt for den religionen eller det livssynet som den avdøde hadde. Kremasjon kan skje med mindre det er kjent at det var i strid med den avdøde sit ønske. Dersom den avdøde ikkje er kremert, skal gravlegging skje seinast ti verkedagar etter dødsfallet.

Kyrkjeleg fellesråd kan forlenge fristane dersom det er tungtvegande grunnar for det.


Pris

Eit gravferdsbyrå skal utan å bli bede om det tilby prisliste til kundar som spør byrået om gravferdstenester. Ved tinging skal kundane utan å måtte be om det, få eit skriftleg pristilbod og få rimeleg tid til å setje seg inn i pristilbodet før det blir gjort avtale.

Folketrygda kan gi behovsprøvd gravferdsstønad med utgangspunkt i den siste tilgjengelege likninga/sjølvmeldinga. I dei fleste tilfella blir stønadssummen redusert med summen av finansformuen til den avdøde og det forsikringsbeløpet som blir utbetalt på grunn av dødsfallet.


Klage

Du kan ikkje klage på avgjerda til kommunen dersom det er usemje om kven som skal sørgje for gravferda. Du kan heller ikkje klage på avgjerda til kyrkjeleg fellesråd om å forlenge eller forkorte fristen for kremasjon og gravferd.

Den som har ansvaret for gravferda, kan klage på eit gravferdsbyrå til Klagenemnda for gravferdstjenester, Postboks 2900 Solli, 0230 Oslo. Nemnda er sett saman av ein uavhengig jurist (leiar av nemnda), ein representant frå Forbrukarombodet og ein frå gravferdsbransjen.


Rettleiing

Det er høve til å sørgje for alt sjølv i samband med ei gravferd, men dei fleste vel å bruke eit gravferdsbyrå i større eller mindre utstrekning. Den som har ansvaret for gravferda, avgjer i så fall sjølv kva gravferdsbyrå han eller ho ønskjer å bruke.

Eit gravferdsbyrå kan mellom anna hjelpe til med å:

  • Fastsetje tider for overføring, gravferd, kremasjon osv.
  • Kontakt med prest/imam/talar, musikarar, songarar, gravlund o.a.
  • Skaffe kiste og utstyr, stelle den avdøde
  • Ordne transport av kista
  • Ordne papir til skifterett, politi, Nav, osb.
  • Annonsere dødsfallet
  • Trykkje songar, salmar og takkekort
  • Ordne blomar, dekorasjonar, kransar
  • Leggje til rette for og ta del under sørgjehøgtida
  • Sørgje for melding til og oppgjer med Nav
  • Ordne med minnesamvær
  • Ordne med urnenedsetjing
  • Ordne med inskripsjon på gravmonument, trekross/symbol og gravlykt

Nokre byrå formidlar òg tenester som reingjering av bustaden med rydding og bortkøyring.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering