Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Gravide rusmiddelavhengige - bruk av tvang

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Ein gravid rusmiddelavhengig kan haldast attende utan eige samtykke i institusjon som er utpeika av regionalt helseføretak. Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker gjer vedtak om bruk av tvungen attendehalding etter forslag frå kommunen. Pårørande kan krevje at kommunen vurderer om den skal fremje sak for fylkesnemnda om bruk av tvang. Formålet er å hindre eller avgrense sannsynlege grunnar for at barnet blir født med skade. Under opphaldet skal det leggjast vekt på at kvinna blir tilbydd tilfredsstillande hjelp mot rusmiddelmisbruket slik at ho kan bli i stand til å ta vare på barnet.


Oppdatert

01.02.2012 12:34

Kriterium

  • Rusmiddelmisbruken til den gravide må vere av ein slik art at det er svært sannsynleg at barnet blir født med skade på grunn av rusbruken
  • Hjelpetiltak etter helse- og omsorgstenesteloven § 3-2 (for eksempel støttekontakt, råd og rettleiing, poliklinisk behandling eller frivillig institusjonsopphald) er ikkje tilstrekkeleg

Målgruppe

  • Gravide rusmiddelavhengige
  • Hennar pårørande

Pris

Institusjonsopphald for ein gravid rusmiddelavhengig er som regel ein del av spesialisthelsetenesta og er da gratis for pasienten og for kommunen.


Klage

Vedtak i fylkesnemnda om å halde attende ein gravid rusmiddelavhengig kan ikkje påklagast, men kan bli brakt inn for tingretten i første instans, både av den gravide kvinna og av kommunen.Eit såkalla hastevedtak (førebels vedtak) skal sendast til fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker innan to veker.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering