Gravplass

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Alle som har bustad i kommunen, har rett til fri gravplass i kommunen. Kyrkjeleg fellesråd kan gi løyve til at også personar utan bustad i kommunen kan få gravplass.

Etter at fredingstida er omme, skal den som er ansvarleg for grava, få høve til å feste grava. Kistegraver kan festast saman til éin gravstad. I så fall er den grava som blir tatt i bruk først, fri grav i fredingsperioden. Ei anonym grav har ingen som er ansvarleg, og gravplasseringa er berre kjend for kyrkjegardsmyndigheitene. Fylkesmannen kan gi løyve til oskespreiing som eit alternativ til gravlegging på offentleg gravplass. Dersom gravstaden vil ha ein spesiell offentleg interesse, kan Fylkesmannen gi løyve til privat gravplass for å setje ned oskeurna. 


Oppdatert

21.05.2013 11:56

Kriterium

Fredingsperioden for ei grav er minimum 20 år. Ein kan ikkje leggje festeavgift på ei fri grav i fredingsperioden. Etter at fredingsperioden er over, kan ei fri grav nyttast til ny gravlegging og festast. Festetida skal ikkje vere lenger enn 20 år. Festet kan likevel fornyast.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering