Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Heimekompostering av matavfall

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Matavfall er ein verdifull ressurs som saman med hageavfall kan omdannast til næringsrik kompost. Skal du heimekompostere matavfall, inngår du ein eigen avtale med kommunen (innbyggjarar i Samnanger kommune må inngå avtale med BIR, ikkje med kommunen). Du må bruke ein isolert og lukka komposteringsbinge som sikrar at smittestoff frå avfallet brytast ned, at ikkje rotter og fuglar kjem til og at fluger ikkje kan formere seg i komposten. Det blir tilrådd å bruke svanemerka varmkomposteringsbinge. Bur du i eit låghus, vil du som oftast trygt og enkelt kunne kompostere ditt eige kjøkenavfall. For burettslag og sameige kan det gjelde eigne reglar.

Om lag 30 % av hushaldsavfallet er matavfall frå kjøkenet. Med heimekompostering av matavfall kan du redusere avfallsmengdene med 50–150 kg pr. person årleg.


Oppdatert

20.04.2012 14:55

Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering