Heimeundervisning

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Foreldre/føresette til elevar i grunnskolen kan undervise sine barn heime om dei meiner at dette er best ut frå ideologiske eller religiøse/livssynsmessige grunnar. Kommunen fører tilsyn med heimeundervisninga i samarbeid med foreldra / dei føresette og kan også kalle inn barnet eller ungdommen til særskilte prøver. Dersom krava i lova til heimeundervisning ikkje er tilfredstilte, skal kommunen krevje at barnet byrjar i skole. Elevar som får heimeundervisning, har ikkje rett til spesialundervisning.

Kommunen har ikkje plikt til å halde elevane med lærebøker og undervisningsmateriell når dei får heimeundervisning. Retten til heimeundervisning gir ikkje rett til økonomisk kompensasjon frå kommunen.


Oppdatert

11.07.2013 08:49

Kriterium

Det blir ikkje kravd at du har formell pedagogisk kompetanse. Innhaldet i undervisninga må følgje dei vilkåra som er gitt i opplæringslova med forskrifter. Det må trekkjast grenser mellom privat heimeundervisning og skoleverksemd. Om du underviser barna til andre, er det skoleverksemd som må godkjennast av departementet.


Rettleiing

Du melder skriftleg frå til kommunen om at du skal starte med heimeundervisning.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering