Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Helse- og omsorgstenestetilbod til flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Asylsøkjarar, flyktningar og familiesameinte som bur eller mellombels har tilhald i kommunen, har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester på same måten som alle andre.


Oppdatert

01.02.2012 12:35

Kriterium

For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald. For personar over 18 år som har ulovleg opphald, gjev lova berre rett til akutt helsehjelp.


Målgruppe

Spesiell merksemd og oppfølging skal gjevast til asylsøkjarar, flyktningar og familiesameinte frå område der det er høg risiko for bestemte infeksjonssjukdommar eller til dømes

  • har vore utsette for tortur og andre alvorlege traume
  • ikkje har familie/nettverk
  • er mindreårige og kjem aleine til Noreg
  • er gravide
  • er einslege forsørgjarar
  • har vore utsette for valdtekt eller annan seksualisert vald
  • er kjønnslemlesta eller står i fare for å bli det
  • har (teikn på) psykiske problem

Pris

Tenestene er gratis, med mindre det følgjer av lov eller forskrift at ein skal betale eit vederlag.


Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.


Rettleiing

Kommunen vil sjølv sørgje for at flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte får tilbod om helse- og omsorgstenester i primær- og spesialisthelsetenesta.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering