Hjelpetiltak frå barneverntenesta

Beskriving

 

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Når barnet på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særleg behov for det, skal barneverntenesta sørgje for å setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Omsynet til det som er det beste for barnet, er avgjerande.

 

Slike hjelpetiltak kan vere rettleiing, støttekontakt, besøksheim og økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vere hjelpetiltak. Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Ein legg vekt på å finne årsakene til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.


Oppdatert

21.05.2013 11:57

Kriterium

Behov for hjelpetiltak må vere dokumentert.


Målgruppe

Born under 18 år. Når barnet samtykkjer, kan tiltak førast vidare til barnet har fylt 23 år.


Handsaming

Barnevernstenesta skal skaffe seg dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka, og kan velje å engasjere en sakkyndig person til å greie ut meir om saka. I så fall skal rapporten frå den sakkyndige sendast til Barnesakkyndig kommisjon til vurdering. Kommisjonen si vurdering av rapporten skal vere mottatt av barnevernstenesta før det blir gjort viktige avgjerder i saka.


Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.


Klage

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om barnet/familien har fått tildelt tjenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. Du kan klage innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 


Rettleiing

Foreldre, vener, grannar, barnehage/skule, helsestasjon, osb. som ser at eit barn treng eit hjelpetiltak, kan melde frå til barnevernstenesta.


Referansar

Sist endra 02.06.2016
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering