Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Innbyggjarinitiativ

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Som innbyggjar i kommunen (eller fylkeskommunen) har du rett til å krevje at eit konkret forslag blir behandla av kommunestyret (eller fylkestinget). Du må ha støtte frå andre innbyggjarar for forslaget ditt. Du har òg denne retten sjølv om du er under 18 år. 

Det er gjerne stor mobilisering rundt enkelte saker lokalt. Tanken er at initiativretten kan bidra til å kanalisere dette engasjementet inn i det politiske systemet.

Du kan opprette saker elektronisk på misak.no.


Oppdatert

19.03.2013 14:10

Kriterium

Eit forslag må ha støtte frå minst to prosent av innbyggjarane. Likevel er 300 underskrifter i kommunen eller 500 i fylket alltid nok.

I den same valperioden kan det ikkje fremjast forslag dersom dette har

  1. same innhaldet som eit tidlegare, eller
  2. same innhaldet som ei sak som er behandla av kommunestyret eller fylkestinget i løpet av valperioden

Kommunestyret (eller fylkestinget) står fritt til å ta saka opp til behandling sjølv om vilkåra for eit innbyggjarinitiativ ikkje er oppfylte. 


Målgruppe

Innbyggjarar som er registrerte som busette i kommunen (dersom forslaget blir fremja for kommunen) eller i fylket (dersom forslaget blir fremja for fylkeskommunen). Forslag kan òg fremjast av personar under 18 år.


Handsaming

Kommunestyret (eller fylkestinget) må sjølv ta stilling til det forslaget som blir fremja.


Handsamingstid

Kommunestyret (eller fylkestinget) skal ta stilling til eit forslag innan seks månader etter at det er blitt fremja. Tidsfristen gjeld ikkje dersom forslaget viser til behandling i samband med ei pågåande plansak etter plan- og bygningslova. Som initiativtakar skal du eller dykk bli orienterte om dei avgjerdene som blir tekne med bakgrunn i forslaget.


Klage

Du kan ikkje klage på alle vedtaka om å avvise eit forslag. Høvet til å klage gjeld berre dersom saka ville ha vore eit enkeltvedtak (etter forvalgtningslova) om ho hadde blitt realitetsbehandla.


Vedlegg

Du må dokumentere støtta til forslaget med underskrifter. Det må klart gå fram at underskrivarane støttar det som forslaget går ut på.


Rettleiing

Du må formulere eit forslag om det du ønskjer kommunestyret (eller fylkestinget) skal ta stilling til. Ta kontakt med kommunen (eller fylkeskommunen) for meir rettleiing. Dersom forslaget blir avvist fordi dei formelle vilkåra for behandling ikkje er til stades, bør kommunen (eller fylkeskommunen) opplyse deg eller dykk om kva som skal til for at forslaget skal bli akseptert for behandling.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering