Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Introduksjonsprogram for nytilkomne flyktningar

Beskriving

https://www.samnanger.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=5&AId=183&eid=198

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Føremålet med introduksjonsprogrammet er å gjere det enklare for flyktningar å ta del i arbeidslivet og å gjere dei meir økonomisk sjølvstendige. Det er eit krav at du bur i ein kommune etter avtale med utlendingsstyresmaktene, og at du har behov for grunnleggjande kvalifisering.

Introduksjonsprogrammet skal minst innehalde opplæring i norsk og samfunnskunnskap og førebuing til deltaking i arbeidslivet. Programmet skal vere heilårleg og på fulltid og kan vare i inntil to år. Det skal setjast opp ein individuell plan ut frå opplæringsbehova til den enkelte. Deltakarar har krav på introduksjonsstønad. På årsbasis er dette to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Personar under 25 år får 2/3 stønad. 


Oppdatert

03.05.2012 10:21

Kriterium

Eit av følgjande kriterier gjeld:

  • Du har fått asyl
  • Du er overføringsflyktning med innreiseløyve
  • Du er innvilga opphaldsløyve på humanitært grunnlag etter søknad om asyl
  • Du blir familiegjenforeint med personar i dei gruppene som er nemnde over, som ikkje har vore busette her i meir enn fem år
  • Du har etter samlivsbrot fått opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag på grunn av mishandling i samlivet

Målgruppe

Du er nytilkomen flyktning mellom 18 og 55 år og har fått innvilga opphaldsløyve som lista opp nedanfor. Med nytilkomen reknar ein at du har vore i landet under to år.


Pris

Tenesta er gratis.


Handsamingstid

Kommunen har plikt til å sørgje for introduksjonsprogram så snart som mogleg og innan tre månader etter at du har busett deg i kommunen. Dersom du ikkje har fått tilbodet innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til dette, med opplysninger om når du kan rekne med at introduksjonsprogrammet kan starte.


Klage

Du kan klage på vedtak om

  • tildeling av program/stønad
  • vesentlege endringar i planen
  • at programmet blir stansa
  • godkjenning av permisjon

Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga går vidare dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering