Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Konsesjon og buplikt - landbrukseigedom

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Viss du arvar, kjøper eller mottek fast eigedom som gåve, må du normalt søkje om konsesjon. Det er mange unntak frå konsesjonsplikta. Til dømes gjeld ikkje konsesjonsplikt for eigedom du overtek frå nære slektningar. Også andre høve kan føre til at overdraginga er unnateke konsesjonsplikt.


Oppdatert

23.05.2013 08:37

Kriterium

Viss du overtek ein landbrukseigedom frå nære slektningar, får du 5 års buplikt. Landbrukseigedomar med buplikt er bebygde eigedomar der fulldyrka og overflatedyrka jord er meir enn 25 dekar, eller eigedomen består av meir enn 500 dekar produktiv skog. Som bebygd eigedom reknast her eigedom med oppførte bustader som er eller har vore brukt som heilårsbustad. Buplikt inneber at du innan eitt år frå overtakinga, busett deg på eigedomen og bur der i minst 5 år.

Du må søkje konsesjon viss du ikkje har til hensikt å oppfylle buplikta. I vurderinga av søknaden skal kommunen legge særskilt vekt på:

  • omsynet til busetjinga i området
  • om overtakinga av eigedomen inneber ei driftsmessig god løysing
  • om overtakinga tek omsyn til ei heilskapleg ressursforvalting og til kulturlandskapet
  • eigedomens storleik, evne til avkastning og husforhold

 Tilknytninga di til eigedomen og livssituasjonen din kan tilleggast vekt som eit korrigerande moment.


Pris

Du må betale eit gebyr for behandling av konsesjonssøknaden.


Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter fattast det eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving viss det kan tenkjast at du blir misnøgd med vedtaket. Viss grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få den ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtakets utløp.


Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.


Søknadsfrist

Fire veker etter at avtalen blei gjort eller du fekk råderett over eigedommen.


Klage

Du kan klage viss du er misnøgd med vedtaket. Fristen er tre veker frå vedtaket er motteke. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen avgjerda si, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som avgjer om klaga skal takast til følgje.


Vedlegg

Kopiar av heimelsdokumentet (skøyte), kontrakt og takst skal leggjast ved dersom slike dokument finst.


Rettleiing

Du må bruke skjema frå Statens landbruksforvaltning når du skal søkje om konsesjon.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering