Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Landbrukseigedom - deling

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Ein eigedom som du nytter eller kan nytte til jordbruk eller skogbruk, kan berre delast etter samtykke frå kommunen. Kommunen skal  blant anna ta omsyn til

  • om ein deling kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området
  • kva for godkjende planar som finst for arealbruk etter plan- og bygningslova
  • kulturlandskapet

Det er viktig å merkje seg at sjølv om eitt eller fleire vilkår for deling er oppfylt, gjev ikkje det nokon automatisk rett til samtykke. I utgangspunktet er det forbode å dele landbrukseigedommar. Føremålet med dette forbodet er å sikre at ressursgrunnlaget for driftseininga ikkje blir redusert.


Oppdatert

24.04.2012 14:50

Kriterium

Kommunen kan gje samtykke til deling 

  • dersom samfunnsinteresser av stor vekt talar for det
  • dersom deling er forsvarleg ut frå omsynet til den avkastninga eigedommen kan gje

Kommunen kan setje vilkår som er nødvendige for å ivareta formålet i lova.


Målgruppe

Dei som har grunnboksheimel til landbrukseigedom, eller som ein trur kan vere den faktiske eigaren til eigedommen.


Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein kan vente at vedtaket vil bli gjort.


Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er fFylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.


Rettleiing

Du sender søknad om å få dele landbrukseigedomen til kommunen. Beskriv eigedomen og plasseringa av det arealet du søkjer om å dele av.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering