Beskriving
Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.
- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune
Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:
Har du eit akutt bustadbehov og ikkje kan skaffe deg bustad på eiga hand, pliktar kommunen å finne eit mellombels botilbod til deg. Kommunen skal tilby forsvarleg husvære til barnefamiliar, born og unge. Det tyder mellom anna at tilbodet i utgangspunktet ikkje gjeld for rusmiddelmisbrukarar (sjå lenkja til Kommunal bustad nedanfor).
Oppdatert
23.05.2013 08:41
Kriterium
Du treng bustad i eit nødstilfelle.
Pris
Tenesta er gratis, men dersom du har råd til det, vil du kunne betale delar av husleiga sjølv.
Handsamingstid
Nav-kontoret har plikt til å behandle saka så snart som råd. I saker som gjeld akutt, mellombels bustad, vil det ofte vere nødvendig med saksbehandling i løpet av dagen.
Klage
Dersom Nav avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Før opp kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til Nav. Lar Nav vedtaket bli ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Referansar