Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Miljøfyrtårn - sertifisering

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Miljøfyrtårn er ei sertifiseringsordning som hjelper private og offentlege verksemder til å drive miljøvenleg og samstundes lønsamt.  Ein godkjend konsulent hjelper deg med å finne fram til effektive miljø- og klimatiltak. Verksemda di blir godkjend av ein offentleg sertifisør. Sertifikatet kan du tinge frå Stiftinga Miljøfyrtårn og blir utferda av sertifisør og ordførar i kommunen. 

Auka kjeldesortering og gjenbruk, redusert energibruk og redusert sjukefråvere er positive resultat som ein oppnår gjennom sertifisering. Stadig fleire offentlege instansar og private firma stiller krav til leverandørane sine om at dei er miljøsertifiserte.


Oppdatert

24.04.2012 15:02

Rettleiing

Verksemda kontaktar ein miljøfyrtårnkonsulent som hjelper til å velje bransjekrav. Det er utvikla krav innanfor ulike bransjar (for eksempel røyrleggjar, hotell, barnehage og skule). Med støtte frå konsulenten gjennomfører verksemda så ein miljøanalyse. Når verksemda oppfyller krava, kontaktar konsulenten kommunen sin sertifisør. Verksemda blir sertifisert og rapport blir sendt til Stiftinga Miljøfyrtårn, som registrerer sertifiseringa og sender sertifikat til kommunen. Etter tre år skal verksemda resertifiserast. Kvart år sender verksemda ein miljørapport med handlingsplan til Stiftinga Miljøfyrtårn.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering