Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Nydyrking av areal til jordbruksformål

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Ønskjer du å utvide det dyrka arealet ditt, må du ha ein plan  for nydyrking som skal godkjennast av kommunen. Kommunen vil vurdere kva for verknader nydyrking vil ha for landskapsbiletet, mangfaldet i naturen og kulturminne. Ved nydyrking skal det setjast att ein vegetasjonssone mot vassdrag etter nærare føresegner. Dersom du ikkje har sett i verk nydyrkinga innan tre år etter at godkjenninga er gjeven, fell godkjenninga bort.


Oppdatert

24.04.2012 15:16

Kriterium

  • Det bør vere behov for å styrkje driftsgrunnlaget for driftseininga
  • Nydyrkingstiltaket bør leggje til rette for driftsmessig gode løysingar
  • For areal over 50 dekar må det finnast ei konsekvensutgreiing

Målgruppe

Gardbrukarar som ønskjer å utvide det dyrka arealet sitt.


Handsaming

Med søknaden skal det følgje ein plan for arbeidet. Planen skal mellom anna innehalde opplysningar om tilkomst, grøfting og framtidig drift av arealet. Har du ikkje sjølv tilstrekkelege kunnskapar til å utarbeide planen, bør du kontakte fagleg kvalifisert hjelp. Kommunen kan rettleie deg. Før vedtak blir gjort, skal kommunen innhente dei uttaler som er nødvendige og elles sørgje for at saka er så godt opplyst som mogleg. Regionalt kulturminnemynde og samisk kulturminnråd skal ha høve til å uttale seg. Samisk kulturminneråd skal ha høve til å uttale seg dersom nydyrkinga kan ha noko å seie for deira fagområde. Det same gjeld Fylkesmannen dersom nydyrkinga kan ha noko på seie for viktige miljøverdiar. Uttalelfristen skal vere på minst éin månad.


Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering