Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Opptenning av eld utandørs

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


I perioden 15. april til 15. september er det eit generelt forbod mot å tenne opp eld i eller i nærleiken av skogmark utan særskilt løyve. Du kan altså brenne hageavfall eller tenne St. Hansbål utan å innhente løyve, så sant dette ikkje skjer i eller i nærleiken av skogmark og tilhøva elles gjer det forsvarleg. Likevel bør du i slike tilfelle gje melding til brannvesenet over telefon. Det er det viktig å vere klar over at du har plikt til å vise aktsemd. Brot på aktsemdplikta kan føre til både straff- og erstatningsansvar. Ver merksam på at brannsjefen alltid kan forby opptenning eller krevje at du sløkkjer open dersom det er openberr brannfare.

Dersom du skal utføre flatebrenning eller brenne hogstavfall i skogmark, eller utføre gras- eller lyngsviing i eller i nærleiken av skogmark, er det eit krav at det skal vere ein ansvarleg leiar. Vedkommande skal utarbeide planar for brenninga og skal sjå til at brenninga gjennomførast på ein forsvarleg måte. Send melding til brannvesenet i god før brenninga gjennomførast. Brannvesenet avgjer om det ønskjer å sjå planane. Dette vil først og fremst vere aktuelt i samband med jord- og skogbruksverksemd. Det generelle forbodet mot open eld i skogmark i perioden 15. april til 15. september gjeld ikkje slik brenning.


Oppdatert

23.04.2012 15:23

Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering