Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Salsløyve for alkohol

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.
Det er kommunestyret som har vedtaksmynde for søknader om salsløyve for alkohol i Samnanger kommune.

- Søknadsskjema for salsløyve for alkohol i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Personar eller verksemder som ønskjer å selje og utlevere alkoholhaldig drikk for drikking utanfor salsstaden, må søkje kommunen om salsløyve. Det blir ikkje gitt løyve til bensinstasjon eller kiosk. Salsløyvet gjeld drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet blir gitt for maksimum fire år om gongen.

Endringar i løyve skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan for eksempel skje ved skifte av styrar og avløysar, endringar i driftskonsept eller endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Løyvet fell bort dersom verksemda blir overdradd til andre. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil tre månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheita er underetta om det. Det må søkjast om nytt løyve så snart som mogleg og seinast innan 30 dagar etter overdraginga.


Oppdatert

11.03.2013 15:23

Kriterium

Løyvesøkjaren og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut ein styrar med avløysar. Begge må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova. Dei må vere over 20 år, arbeide i verksemda og oppfylle dei krava som alkohollova stiller.


Handsaming

Når søknaden er motteken i kommunen, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Løyve blir gitt etter skjønn. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein kan tenkje seg at du blir misfornøgd med vedtaket. Dersom grunngivinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.


Handsamingstid

Behandlingstida i kommunen er rekna ut til om lag tre månader, men vil også vera avhengig av kommunestyret sin møteplan.


Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Vedlegg

Oversikt over nødvendige vedlegg til søknad finn du på kommuen sitt søknadsskjema .


Rettleiing

Du må søkje skriftleg. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering