Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Sjukeheim - langtidsopphald

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Får du ikkje dekt ditt daglege behov for pleie og omsorg når du bur heime, kan du søkje om ein plass på sjukeheim.

Oppdatert

07.05.2012 10:35

Kriterium

Søkjaren må ha behov for langtidsplass i sjukeheim.


Pris

Kommunen kan krevje vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i statleg forskrift (sjå under Lover og retningsliner).


Handsaming

Før saka kan avgjerast, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærare. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Får du tildelt sjukeheimsplass, skal hjelpebehovet ditt gå fram av vedtaket. Dersom du får avslag, så skal det grunngjevast.


Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.


Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp frå kommunen, kan du klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør forklare kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Fylkesmannen.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasient- og brukarrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.


Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.


Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om langtidsopphald på sjukeheim. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre har også rett til å hjelpe deg. Det kan til dømes vere ein nabo. Men da må du gje ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden.


Kontaktinformasjon Samnanger kommune

Tlf. Samnangerheimen (sentralbord) 56589850

Avdelingsleiarar:
Janne Drevsjø, post 4 og 5.
Reidun Abotnes, post 1 og 2.

Sekretærar:
Reidun Vinje Nydal
Marit Lønnebakken
Anne Mette Storlid

Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering