Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Skjenkjeløyve - ambulerande / for eit enkelt høve

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved ei særskild hending, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.

  • Ambulerande skjenkjeløyve er ikkje knytta til ein bestemt person eller skjenkjestad og gjeld berre skjenking i slutta selskap. Løyve blir normalt ikkje kravd ved reint private arrangement som bryllaup, fødselsdagsselskap eller andre jubileum så lenge ein ikkje tar betalt for drikke.
  • Løyve for eit enkelt, bestemt høve gjeld berre for arrangement som for eksempel festivalar og dansetilstellingar. Løyvet gjeld anten alminneleg løyve eller løyve til slutta selskap.

Løyvet kan gjelde

  • alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lågere alkoholinnhald enn 22 volumprosent 
  • all alkoholhaldig drikk

Oppdatert

11.03.2013 15:13

Kriterium

All servering av alkoholhaldig drikk mot ein eller annen form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkestyrar må vere fylt 20 år (det blir kravd legitimasjon). Det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve.


Handsaming

Søkjer du om skjenkeløyve for eit enkelt, bestemt høve, blir det innhenta fråsegn frå politiet og sosialtenesta. Du får skriftleg melding om vedtaket. Til vanleg får du ei grunngiving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misfornøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.


Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.


Vedlegg

Legitimasjon

Rettleiing

Du må søkje skriftleg i god tid før arrangementet skal vere. Søknaden skal innehalde opplysningar om kva slags arrangement det er snakk om, kven som er arrangør, kor og når arrangementet skal vere, kor mange deltakarar og kven som er ansvarleg skjenkjestyrar. Ansvarshavande må gjere seg kjent med føresegnene i alkohollova og med lokale retningsliner.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering