Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Vassforsyning - drikkevatn

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Kommunen leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadene og bygga som er knytta til nettet. Eventuelle krav til slik tilknyting blir normalt avgjort gjennom reguleringsplanen eller ved søknad om byggjeløyve. I område utan kommunal vassforsyning må det bli etablert ei eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggjeløyve utan at vass- og avløpsløysinga er tilfredsstillande.

Kommunen skal varsle forbrukarane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, til dømes spyling av leidningsnettet. Sjå annonsar i pressa osb. Kommunen kan gje restriksjonar for å bruke vatn når det er vassmangel. Dersom naudssituasjonar gjer det nødvendig å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil du bli informert om situasjonen og om kor lenge den mellombelse vassforsyninga vil vare. Dersom du meiner at kommunen ikkje leverer vatn i samsvar med krava i mellom anna drikkevassforskrifta, kan du reklamere etter forbrukarkjøpslova.
 


Oppdatert

23.05.2013 09:15

Kriterium

Drikkevatnet som kommunen leverer, skal vere hygienisk forsvarleg, klart og utan framtredande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde stoff som kan føre til helseskade i vanleg bruk. Avvik i vasskvalitetet som kjem av forhold i det interne leidningsnettet hos ein forbrukar, er normalt ikkje eit kommunalt ansvar. Større mengder brannvatn, til dømes til sprinklaranlegg, vil ikkje nødvendigvis kunne bli levert gjennom dette leidningsnettet, men sikrast på annen måte.


Pris

Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering