Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Vedrørande arbeid i Reistadliane

I forbindelse med bygging av nye omsorgsbustader i Reistadliane skal det gjennomførast arbeid med omlegging av vatn, spillvatn, straum og fiber.
 

Arbeidet var planlagt gjennomført i veke 5, men grunna uforutsette forhold har arbeidet tatt vesentlig lengre tid, arbeidet er planlagt ferdigstilt truleg innan 01.03.2019.
 

Det vil under fasen med omlegging av infrastruktur være noko begrensa tilgjengelegheit for passering av anleggsområdet. Det er nødvendig at lastebil står plassert i køyrebana når gravemaskin skal lesse massar frå grøft til lastebil.
 

Følgjande rutiner gjeld for vidare arbeid, gjeldande frå måndag 11.02.2019:
 

Vegen skal være open for fri ferdsel i følgjande tidsrom:
 

8.00 – 8:30 alle dagar
 

14:15-14:45 måndag, tysdag, torsdag og fredag
 

12:15-12:45 onsdag
 

Øvrig vil det, i den grad det er mogleg, verta sørga for at trafikken ikkje blir hindra unødig, og med maksimal ventetid for å passere med 10 min.
 

Det skal til ein kvar tid når det pågår arbeid i vegen være vakt i begge endar av anleggsområdet, desse vil i tillegg til å ivareta sikkerheiten til dei som ferdast langs vegen, og sørgja for at arbeid stansar ved passering. Gåande må og rekna med noko ventetid, men dette skal begrensast til maksimalt 5 minutt.
 

Det skal ikkje være parkerte eller ventande bilar/lastebilar i Reistadliane eller ved rundkøyring.
 

 

Me beklagar ulempa arbeidet har for dei som nyttar vegen, sikkerheita for dei som ferdast langs vegen skal alltid være første prioritet.
 

Bilistar må rekna med at det kan bli noko venting.
 

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 27.02.2019
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering