Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Samnanger er medlem av Stiftinga Kystkultur no!

 Del ditt kystkulturarrangement

kystkultur-no-logo-2000.png - Klikk for stort bilete

 

Formål
Stiftinga Kystkultur no! er ei ikkje-næringsdrivande stifting med føremål å stimulere og verke som pådrivar og fagleg instans for utvikling av kystkulturtilbod og koordinering av kystkultur i Vestlandsregionen.

 

Ny nettside
www.kystkultur.no finn du løpande oversyn over kystkulturarrangement frå 30 kommunar på Vestlandet. Vidare finn du andre kystkulturprosjekt, multimedia, reportasjar og sosiale media. Etterkvart kjem det fleire tilbod der du kan bidra: utøvar/handverkar/artist-register, bløgg, digital krambu for småskala aktørar og ressursbank for arrangørar.
 

Nye medlemskommunar
Grunna regionreforma 2020 er det naturleg at stiftinga no utvidar arbeidsområdet sitt. Førebels har åtte kommunar gjort vedtak om innmelding: Eid, Selje, Askvoll, Hyllestad, Fjaler, Solund, Modalen og Samnanger, velkomne skal dei vera! Truleg kjem det enda fleire kommunar til etterkvart. Med dette har arbeidsområdet auka monanleg, slik at stiftinga no fremjar kystkultur frå Sveio i sør til Stadt i nord.
 

Arrangementsregistrering
Skal du arrangera? Då går du til www.kystkultur.no, lagar deg konto, loggar deg inn og brukar registreringsskjemaet. Då kan Stiftinga Kystkultur no! spre infoen om arrangementet til ulike flater. Dermed får arrangementet ditt eksponering via vevsider, sosiale media, lokalavisa og skjermar i det offentlege rom. 
 

Kva slags arrangement?
Stiftinga Kystkultur no! fremjer arrangement på både sjø og land, gammalt og nytt: større festivalar, smale nisjearrangement, båtturar på små og store farkostar, konsertar, teater, utstillingar, omvisningar, vandreturar, marknad/arena for småskala næringsliv, arena for artistar/handverkarar/utøvarar og ikkje minst er dette ein møtestad på tvers av generasjonane. Fellesnemnaren er kystkultur i ei eller anna form.
 

Kystkultur er sunt, året rundt!
Fleire av dei nyinnmelde kommunane har vore inne på at dei har svært relevante arrangement som høver godt i konseptet, men som skjer på andre tidspunkt enn innanfor den tradisjonelle perioden i august og september. Dette poenget er óg relevant i dei eksisterande medlemskommunane óg. Stiftinga Kystkultur no! arbeider difor for ei heilårs fremjing av kystkultur.
 
 
Søk arrangementsstøtte
Kvart år deler Stiftinga Kystkultur no! ut midlar til utvikling av arrangement. Arrangementstøtta er gjort mogleg av Grieg Foundation og Stiftelsen Neptun. Søknadsfristen denne gong var 10. juni, men dette vil frå 2020 bli omgjort til kvartalsvise søknadsfristar: 10. februar, 10. mai, 10. august og 10. november. Send søknad til post@kystkultur.no Tilskot frå Stiftinga Kystkultur no! skal vere med å auka kvaliteten på arrangementet og kan vera noko som gjev arrangementet eit ekstra løft. Søknadsomfang: hald deg til ei A4-side. Meir info: www.kystkultur.no
 

Stiftinga Kystkultur no! hjelper deg med

  • Telefondialog/rådgjeving/ideutvikling
  • Vitjing av dagleg leiar
  • Nettverkskobling av til dømes artistar og utøvarar
  • Videoinnslag på Youtube/Facebook
  • Arrangementstilskot
  • Kvart arrangement får eiga nettside
  • Promotering via sosiale media
  • Samleannonsar i lokale og regionale media
  • Hjelp med pressemeldingar og pressekontakt
  • Dokumentasjon i etterkant
  • Mediearkiv
Publisert av Meline Heimdal Haugland. Sist endra 17.06.2019
  • Utskriftsvenleg versjon
Kjerneside (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering