Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Kandidatar til eldrerådet

Frist for å koma med forslag til kandidatar er 21.11.2019. 

Kommunestyret skal 05.12.2019 velja medlemmer og varamedlemmer til eldrerådet for perioden 2019-2023.

Eldrerådet skal ha fem medlemmer og fleirtalet av medlemmene må ha fylt 60 år.

Pensjonistforeiningar og andre organisasjonar som representerer eldre vert med dette inviterte til å koma med forslag til kandidatar til eldrerådet.

Forslag kan sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse, eller på e-post til postmottak@samnanger.kommune.no.

Forslaga kan gjerne grunngjevast, men dette er ikkje eit krav. Forslaga må vera komne fram til kommunen seinast torsdag 21.11.2019.

Organisasjonar som allereie har sendt inn forslag, treng ikkje senda inn på nytt.


  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering