Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Kandidatar til rådet for personar med nedsett funksjonsevne

Frist for å koma med forslag til kandidatar er 21.11.2019. 

Kommunestyret skal 05.12.2019 velja medlemmer og varamedlemmer til rådet for personar med nedsett funksjonsevne for perioden 2019-2023. Rådet har i valperioden 2015-2019 hatt tre medlemmer.

Organisasjonar som representerer innbyggjarar med nedsett funksjonsevne vert med dette inviterte til å koma med forslag til kandidatar til rådet.

Både personar med nedsett funksjonsevne og andre, for eksempel pårørande, kan vera medlemmer i rådet.

Forslag kan sendast til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse, eller på e-post til postmottak@samnanger.kommune.no.

Forslaga kan gjerne grunngjevast, men dette er ikkje eit krav. Forslaga må vera komne fram til kommunen seinast torsdag 21.11.2019.       

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering