Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Råd og informasjon om koronavirusinfeksjon

(Sist oppdatert 30.05.2020) Råd og informasjon til innbyggjarane i Samnanger om koronavirusutbrotet.   

Innhald
Innleiing
Samnanger kommune er førebudd
Kor farleg er koronavirusinfeksjonen?
Smittesituasjonen i Samnanger
Kva gjer du om du mistenker at du er sjuk?
Kven skal testast?
Råd til personar som skal i heimekarantene
Råd til personar som skal i heimeisolasjon
Forskjell mellom heimekarantene og heimeisolasjon
Skal ein halda litt avstand, mykje avstand eller heilt avstand til andre personar?
Ønskjer du kontakt med Samnanger legekontor?
Støttetelefon for Samnanger
Pasientrestriksjonar ved Samnanger helsetun
Nye konsultasjonsformer: Video- og telefonkonsultasjon
Restriksjonar ved Samnangerheimen
Risikogruppa må vera ekstra forsiktig
Kor lenge kan du vera smitta før du utviklar symptom?
Korleis førebygga smitte?
Bruk av munnbind utanfor helsetenesta er ikkje anbefalt
Kva vert gjort om du får påvist sjukdommen?

Kvar finn eg meir informasjon?




Historia viser at det vil koma epidemiar og pandemiar med varierande mellomrom. Siste store hending var svineinfluensaen i 2009 der Samnanger kommune gjennomførte massevaksinering av innbyggjarane.

Det nye koronaviruset vart oppdaga i januar 2020 og me får stadig ny kunnskap om sjukdommen. Korleis kan den enkelte førebyggje smitte? Kven skal testast? Kven skal isolerast eller i karantene? Korleis blir tida framover?

På denne sida finn du informasjon og råd om koronavirusutbrotet, og informasjon om tiltak spesielt for Samnanger. 

Helse- og omsorgstenesta i kommunen er førebudd på den utviklinga av koronautbrotet vi ser i Noreg i desse dagar, og på å handtera koronavirus-situasjonen i Samnanger. Me er til for å hjelpa deg med spørsmål og med helsehjelp om du treng det.

Samnanger kommune følgjer råd om koronaviruset frå det nasjonale Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet.


 

Samnanger kommune er førebudd

Helse- og omsorgstenesta er førebudd på å handtera pasientar som trur dei kan vere smitta av koronavirus eller som får påvist smitte. Me har både planar, utstyr og personell for å handtera situasjonen.


 

Kor farleg er koronavirusinfeksjonen?

Dei fleste vil oppleva koronavirusinfeksjonen som ein relativt mild luftvegsinfeksjon, som ved forkjøling eller influensa. Nokon få kan verta alvorleg sjuke og nokon av dei kan også døy av sjukdommen. Dette gjeld helst eldre og andre med alvorleg eller dårleg regulert underliggjande sjukdom. 

Det finst ingen spesifikk medisin mot denne virusinfeksjonen. Det finst heller ikkje vaksine. Men forskarane er i gang med å utvikla både vaksine og å prøva ut medisinar mot sjukdomen. 



Smittesituasjonen i Samnanger

Pr 30.05.2020 har me testa 103 personar i Samnanger. Alle er bekrefta smittefrie frå koronavirus.   


 

Kva gjer du om du mistenker at du er sjuk med det nye koronaviruset?


Ta kontakt med lege på telefon for råd og avtale om undersøking:

  • ring Samnanger kommune sin eigen koronavirustelefon: 48893212 (les meir informasjon her)
  • ring fastlegen eller
  • ring legevakt på telefon 116117

Dei vanlegaste symptoma på sjukdommen er som ved andre luftvegsinfeksjonar: naseforkjøling, hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevanskar.


 

Kven skal testast?

(oppdatert 29.04.2020)

29.04.2020 kom Folkehelseinstituttet med nye testkriterier. No skal alle med eitt eller fleire av dei typiske symptoma på covid-19-sjukdom testast. 

Informasjon frå Folkehelseinstituttet sine nettsider:
Prioriterte indikasjoner for testing av covid-19:
Folkehelseinstituttet tilrår at det utføres test for SARS-CoV-2 av (i prioritert rekkefølge) personer med akutt luftveisinfeksjon som har feber, hoste eller tungpustethet, eller som lege mistenker har covid-19 og som er

  1. Pasient med behov for innleggelse
  2. Pasient/beboer i sykehjem eller annen helseinstitusjon
  3. Ansatt i helsetjenesten med pasientnært arbeid
  4. Person over 65 år, eller voksen med underliggende sykdom*
  5. Person som er i karantene pga nærkontakt til et bekreftet tilfelle av covid-19 eller etter reise
  6. Ansatt, barn eller elev i gjenåpnet barnehage, skole eller skolefritidsordning
  7. Ny kategori: Andre med mistenkt covid-19

*) Alvorlig eller dårlig regulert underliggende sykdom, som hjerte- karsykdom, diabetes, sykelig overvekt, kronisk nyresvikt, betydelig nedsatt lungefunksjon. Les mer i Råd til risikogrupper og deres pårørende. 

Kategori 1-3 bør testes på vid indikasjon.

Kategori 6-7 bør fortrinnsvis se an hjemme i 2 døgn før test vurderes.

Personer uten symptomer bør vanligvis ikke testes. Det kan gjøres unntak og lokale tilpasninger, for eksempel før kirurgiske inngrep i spesialisthelsetjenesten, blant beboere på sykehjem ved smitteoppsporing, samt som ledd i vitenskapelige studier. 

Les mer:

 

Ytterlegare detaljar/informasjon:
For ytterlegare detaljar, sjå fhi.no eller ring Samnanger helsetun sin koronavirustelefon: 48893212 (les meir informasjon om koronatelefonen her).

 


Råd til personar som skal i heimekarantene

Råd til personar som er eller skal i heimekarantene finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider: 




Råd til personar som skal i heimeisolasjon

Råd til personar som eller er skal i heimeisolasjon finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider:


 

Heimekarantene og heimeisolasjon er ikkje det same

Det er forskjell mellom heimekarantene og heimeisolasjon:

  • Karantene er for dei som kan vera i spesiell fare for å utvikla koronainfeksjon, og som er under observasjon for å sjå om ein utviklar symptom.
  • Isolasjon er for dei som har fått påvist sjukdom eller som ventar på prøvesvar.



Skal ein halda litt avstand, mykje avstand eller heilt avstand til andre personar?

Ved å halda avstand bremsar me koronasmitte (covid-19). Nedanfor finn du plakat med råd frå Folkehelseinstituttet. Klikk på bildet for å forstørra det. 
Plakat frå Folkehelseinstituttet - litt, mye eller helt avstand - Klikk for stort bilete

 



Du kan også lasta ned plakaten i PDF-format (PDF, 1005 kB)

 

 

Ønskjer du kontakt med Samnanger legekontor?

  • For spørsmål om koronavirus og eigen situasjon, ring koronavirustelefonen på 48893212 kvardagar mellom kl. 09.00 og 14.00 (sjå meir informasjon her)
  • For andre helsespørsmål, ring 56589100
  • Opningstid: 08.00-16.00 måndag-fredag. 
  • Utanom opningstid: Telefon 116117 (Samnanger og Bjørnafjorden interkommunale legevakt)




Støttetelefon for Samnanger

Er du engsteleg eller bekymra for koronasituasjonen? Slit du med einsemd og vanskelege tankar? Ring Samnanger kommune sin støttetelefon på 96625285. Alle kan ta kontakt - barn, ungdom, vaksne og eldre.

Telefonen er open kvardagar kl 09.00-15.00 og vert besvart av kommunepsykologen.
 
 



Pasientrestriksjonar ved Samnanger helsetun
For å unngå smittespredning på helsetunet er det innført følgjande restriksjonar:

  • Ingen pasientar kan ankomma legekontoret direkte, men må ringja og avtala først.
  • Spesielt viktig at ingen med luftvegsinfeksjon ankommer legekontoret på vanleg måte.
  • Alle med luftvegsinfeksjon vil verta tekne imot på vårt spesielle smitterom.
  • Det er berre tillate med inntil 5 personar på venterommet. Og ein skal sitja så spreidt som mogleg.
  • Alle skal sprita seg før og etter konsultasjon. Personalet vil kontollera at dette vert gjort ordentleg.
  • Ta av klokke og smykker på hendene før du kjem til legekontoret. 




Nye konsultasjonsformer: Video- og telefonkonsultasjon

For å begrensa pasientmottaket på legekontoret mest mogleg, har me teke i bruk video- og telefonkonsultasjon som eit alternativ. Dette kan brukast for svært mange problemstillingar.

Prisen er den same som for vanleg konsultasjon med frammøte.

Ring legekontoret på 56589100 for meir informasjon. 



Restriksjonar ved Samnangerheimen

Bebuarane ved Samnangerheimen er ekstra sårbare for alvorleg sjukdomsforløp om dei vert smitta. Samnangerheimen er difor stengt for pårørande inntil vidare.

Me har forståing for at dette opplevast vanskeleg, men takkar for forståing for dette tiltaket.

Besøk vert tillete i heilt spesielle tilfelle.



 

Risikogruppa må vera ekstra forsiktig

Eldre over 65 år og dei med hjarte-karsjukdom, lungesjukdom, diabetes, høgt blodtrykk og kreft er ekstra utsette for meir alvorleg forløp om dei vert smitta. Me har alle ansvar for å beskytta denne gruppa spesielt mot smitte.

Om du tilhøyrer risikogruppa bør du:

  • Ikkje handla i butikken eller på apoteket. Få nokon til å hjelpa deg.
  • Ver ekstra nøye med handvask og å sprita hendene.
  • Hald huset ekstra reint, spesielt på stader som kjem i kontakt med hendene dine.
  • Hald deg mest mogleg heime, og ta berre imot besøk av dei næraste.
  • Ingen med luftvegsinfeksjon eller feber må få koma på besøk.
  • Hald minst 1 meters avstand til dei som kjem på besøk. 
  • Ingen klemmar eller annan fysisk kontakt. 
 

 

Kor lenge kan du vera smitta før du utviklar symptom?

Tida frå smitte til symptom oppstår er vanlegvis omkring 5-6 dagar, men kan variera fra 0-14 dagar.



Korleis førebyggje smitte?

Sjukdomen smittar som ved forkjøling og influensa ved at virus overførast frå luftvegane hos ein sjuk person. Sjå:


For å hindra smitte bør personar som er sjuke unngå å hosta eller nysa direkte på andre, og ein bør, når det er mogleg, halda minst 1 meters avstand til personar med luftvegssymptom. Ein bør også tilstreba å hosta/nysa i eit papirtørkle (som kastast etterpå) eller i albogekroken.

God handhygiene, både hos sjuke og friske, er viktig for å hindra smitteoverføring. Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunkent vatn, spesielt når du har vore ute blant folk. Handdesinfeksjon er eit godt alternativ dersom handvask ikkje er mogleg. Dersom hendene er synlig skitne eller våte har handdesinfeksjon redusert effekt, og hendene bør reingjerast med såpe og vatn.

Det vert òg fråråda å oppsøkja forsamlingar/aktivitetar der mange personar er samla, på grunn av risiko for smitte. 
 

Plakat smitteførebygging - Klikk for stort bilete

 


 

Bruk av munnbind utanfor helsetenesta er ikkje anbefalt

Det anbefalast ikkje munnbind for friske personar. Dette gjeld ikkje dersom ein jobbar i helsetjenesta, eller har kontakt med ein person med bekrefta eller mistenkt infeksjon med koronaviruset. Feilbruk førekjem ofte og personar som brukar munnbind tek seg oftare til ansiktet, noko som kan auka smittefaren. Personar som er sjuke kan bruke munnbind for å hindre smitte til andre.


 

Kva vert gjort om du får påvist sjukdommen?

Personar som får påvist koronavirusinfeksjon vil verta isolert heime eller på sjukehus, avhengig av kor alvorleg sjukdommen er. Dei fleste vil kun ha milde symptom, men isolering vert gjort for å redusera risikoen for å smitta andre.


 

 

Kvar finn eg meir informasjon?

På grunn av stor pågang på telefon til fastlegekontor, koronavirustelefonen og legevakt ber me deg om å nytta følgjande kanalar for informasjon og generell rådgjeving:

Sist endra 02.06.2020
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering