Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Sprenging i samband med ubetring av Haukanestunnelen

Informasjon frå Vestland fylkeskommune:
 

Arbeidet med utbetring av Haukanestunnelen er godt i gang for at tunnelen skal vere trygg å køyre i.
No er arbeidet i ein fase der det er naudsynt å sprenge inne i tunnelen.

Sprengingsarbeidet vil skje i to periodar:
 

frå 15. juni til 3. juli

frå 27. juli – 4. september. 

Det vil ikkje bli sprenging kvar natt, men når entreprenør ser at det er naudsynt. Det vil bli varsla i god tid før sprenginga tar til, seier byggeleiar Vibekke Rørgård.

Arbeidet med utbetring av Haukanestunnelen starta i april og er rekna til å ta om lag eit år.

 

Trafikkavviklinga blir som før. Les meir her:
https://www.vestlandfylke.no/fylkesveg/nyheitsarkiv-fylkesveg/nyheitsmeldingar-om-fylkesveg/no-skal-haukanestunnelen-utbetrast/

 

Vi gjer det vi kan for å unngå støyande arbeid, spesielt på natta, men bebuarar må rekne med å høyre noko støy frå arbeidet.

Vi håper det er forståelse for dette arbeidet, og vi håper på et godt samarbeid i tiden framover, seier Rørgård.

 

Kontaktperson:

Vibekke Rørgård, byggeleiar i Vestland fylkeskommune.

Mobil: 418 44 439

Epost:  vibekke.rorgard@vlfk.no


 

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 19.06.2020
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering