Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Siste nytt

Mest vist

Opningstider på kommunehuset

Kommunehuset har vore låst for besøkande sidan mars på grunn av koronasituasjonen. Frå måndag 29.06.2020 vil kommunehuset opna delvis igjen.  

Opningstida for besøkande på kommunehuset vil frå og med måndag 29.06.2020 vera som følgjer: 

  • Kvardagar kl. 10.00 - 11.30 og kl. 12.00 - 14.00


NAV Samnanger vil frå og med 01.07.2020 ha ope for drop-in-timar onsdagar kl. 12.00 - 14.00. Meir informasjon om korleis du kan kontakta NAV finn du her

Me oppmodar om at ein ringjer på førehand for å få timeavtale med den ein vil snakka med på kommunehuset. Me går no inn i sommarferieperioden, og alle tilsette på kommunehuset vil derfor ikkje vera på jobb i perioden framover.

Alle besøkande som kjem til kommunehuset, må henvenda seg i ekspedisjonen på servicesenteret.



Smitteverntiltak
Me minnar om at smitteverntiltak mot koronaviruset framleis må følgjast: 

  • Hald minst ein meter avstand til andre. 
  • Vask eller sprit hendene ofte (det er spritdispensar i innngangspartiet på kommunehuset)
  • Unngå å hosta eller nysa direkte på andre. Bruk papirlommetørkle eller host i albukroken. 
  • Hald deg heime dersom du er sjuk/har symptom på luftvegssjukdom
Sist endra 26.06.2020
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering